fredag 28. oktober 2011

Quilteweekend.

Helga 22 og 23 september var me 7 damer som reiste til Bergen på quiltekurs, Quiltekroken.
Me kunne velja å sy stjerneteppe (duk) eller Monas toalettveske. 4  stk valgde det eine og 3 det andre.
Innimellom koste me oss med kaffi/te og baguetter/snop.
Inspirerand kurshaldere gjorde at tida for som ein røyk, skikkelig gøy var det.
Me budde på hotell i nærheten og hadde felles frukost. Om kvelden bestilte me bord og åt nydelig mat på Bryggeloftet.
Mykje fint har Mona i butikken sin og litt snoping utenom blei det for mange....

2 kommentarer:

  1. Om ei lita veke er julekvelden her. Me ønsker alle medlemmer ei god og fredfull julehelg-

    SvarSlett
  2. Så var me kommen til året 2012. Årsmøtet er haldt og nye medlemmer valgt inn i styret. Neste lagsmøte er 5 mars. Då vil me laga koffertlapper. Ta med deg symaskin og vanlige sysaker. Me starter klokka 18.30 denne kvelden. Elles er det 19.30.
    Viss nokon vil på årsmøte i Norsk Quiltelag, så er det helga 16-18 mars.
    Vestlandstreffet i år er på Voss, i oktober.
    Bømlo quiltelag er 20 år i år og her må me tenkja på litt festivitas og feiring:)
    Elles har me mange tankar og idear og deler dei så gjerne med deg:)

    SvarSlett