torsdag 30. august 2012

Hallo igjen alle sammen. Håper ferien har vore fin. No er hausten her, på godt og vondt. Trist fordi dei etterlengta sommardagar med sol og bad nok har skuffa i år også,- kjekt fordi me møtes igjen til aktiviteter og felles moro.
Mandag 3 september håper eg mange tar veien til Folderøy skule, kjelleren. Klokka halv åtte samlast dei som vil til nytt semester og mykje spennande på "tapetet". Me vil informera om planane me har dette året.

Kan sei at siste helga i oktober, 26-28, har me tenkt å reisa på kurs. Om interessa er der. I Skudesnes, på Quiltesmia , sit ei koselig dame som svært gjerne tar imot oss til kurs i sying av skulderveske. Ho kan klara å plassera heile gjengen i butikken sin om det skulle bli sååå stor interesse. Men ho må ha minst 5 påmeldte skal det lønna seg.
Me snakker om dette på mandag. Overnatting og matstell er så godt som i boks.
Velkommen til Quiltelagsmøte:)

1 kommentar:

  1. skulle gjerne komt i kontakt med Bømlo Quiltelag via email. Noen som kan sende meg en adresse.? HIlsen Margun Vatshelle, bergen Quiltelag

    SvarSlett